mandag 28. januar 2013

Lindstrømbui klar til 1814-jubileet?

Stendig finn vi meldingar frå Sogn.
Gjer vel -  send oss lenkjer eller kopiar av aviser eller saker til offentleg handsaming, bilete og/eller historier av bygg og saker elles i fylket!













Her er lenkja til Artikkelen i Sogn avis om Lindstrømbui på Løyntnantsbrygga som er tenkt vere ein del av uthusprosjektet i Lærdal.
Lenkja til Sogn avis om orienteringa Riksantikvaren fekk om uthusprosjektet i november 2012. Naustet i artikkelen er Lindstrømnaustet som er eit av bygga som rammar inn Kvammegården på Lærdalsøyri.

Kulturetaten i Lærdal ser føre seg Løytnantsbryggja som ein viktig arena både i samband med grunnlovsjubileet i 2014 og for 150-årsjubileet for Statens vegvesen. Difor burde det området vera opprusta på det tidspunktet, sa Kåre Hovland.
Orienteringa i formannskapet var for å få ei politisk oppankring av uthusprosjektet. Det er so langt ikkje sett av investeringsmidlar til dette prosjektet i dei kommunale budsjetta.
Men kulturkonsulent Ine Nyseth meinte at både næringsfondet og omstillingsmidlar burde vera finansieringskjelder til eit spleiselag for prosjektet.
 
Lenkje til orienteringa for Formannskapet 22.01.2013 - trykk på saka er under Formannskapet veke 4!

fredag 18. januar 2013

Vikenhuset - Vil la huset skine

At Vikenhusets venner gav opp å redde huset på Skei har vore omtala tidlegare.

No kan Viken-huset verte ståande.
Steinar Dvergsdal fortel i artikkel i Firda 17.01.2013 at han vil overta huset og ruste det opp til bustadhus for utleige.Firda fortel at han gjennom ulike selskap eig 50 utleigebustadar.

Ordførar Oddmund Klakegg er positiv til tiltaket, men både hovudutval og kommunestyre må seie sitt. Det er budsjettert med 200.00 i rivingskostnader for eigedomen som no er regulert til offentleg føremål.

I Firda tidend si verdsvevside stod denne artikkelen 11.01.2013
Kan bli rive sjølv om det blir vurdert som verneverdig.
"Dei fleste kulturminne har ikkje juridisk vern, ein er avhengig av at eigar vil ta vare på dei, seier rådgjevar for arkitektur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Arlen Bidne. No vil ho vurdere verneverdien for Vikenhuset."

Scanna artikkel - side 7 av Firda 17.01.2013

Hopperstad - har tømmerstokk frå 1131-1132!

På Sogn avis si verdsvevside er Generalsekretær Eli-Sofie Thorne i Fortidsminneforeninga varsam med kommentar, det kan vere snakk om gjenbruk av ein stokk.
"– Me kan få to like gamle stavkyrkjer og det ville vera fantastisk, at arven vår i tre har røter som strekkjer seg så langt tilbake i historia. Her snakkar me om eit 100-år etter kristninga av Noreg og det gir tinga ein dimensjon, seier Eli-Sofie Thorne."

I september 2011 tok Terje Thun boreprøver på Hopperstad stavkyrkje i Vik.
Stokken vart hoggen vinteren 1131-32.
Hopperstad kan ha hatt same byggjefase som noverande Urnes.
Nordveggen på Urnes er gjenbruk frå ei tidlegare kyrkje som stod på staden, det kan gjelde for Hopperstad også.

Verdsvevartikkelen i Sogn avis - Utfordrar landets eldste
 
Scanna 1. 16.&17.side av Sogn avis 17.01.2013

onsdag 16. januar 2013

Nektar å byggje servicesenter ved stavkyrkja i Vik














- Det er uaktuelt å byggje eit servicebygg ved sida av Hopperstad stavkyrkje, seier leiar Jon E. Tamnes i Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane.

Nrk Sogn og Fjordane sin artikkel har bakgrunn frå dagens BT.
Kommunestyret i Vik kommune vedtok i desember ei anna løysing enn den kyrkjeeigaren ynskjer.

Artikkelen til Nrk Sogn og Fjordane

Ordførar Marta Finden Halset er sitert i verdsvevsartikkelen med at ho ikkje likar haldninga til Fortidsminneforeninga.
- Også dei må innrette seg etter offentleg forvalting og planstyremakter, seier ho til Bergens Tidende.

Lenkjer til oppslag i Grinda 18.desember om plasseringa av servicebygget
Foto: Ottar Starheim - NRK

Husk kommentarfeltet også!

mandag 14. januar 2013

Sogn skal selja stavkyrkjene!

 














– Spennende er det å få det nasjonale arbeidet med å markedsføre stavkirkene her i fylket og nabofylket
Det er vi stolte av, sier Jon E. Tamnes, daglig leder i Fortidsminneforeningen avdeling Sogn og Fjordane.
Sogn Avis skriv at Tanna Gjeraker, dagleg leiar ved Borgundsenteret og Tamnes skal ha ansvaret for forretningsutviklinga, gjennom formidling og markedsføring skal økonomien til kyrkjene betrast. Prosjektet skal gå over tre år.
– Riksantikvaren må sjå svært positivt på tiltaket. Vi søkte om tilskot og har fått 300 000 kroner til arbeidet med å utvikle nettsider og bookingsystem, seier Tamnes til lokalavisen.

Fortidsminneforeningen avdeling Sogn og Fjordane og hovudstyret i foreininga skal ha ansvaret for å følgja opp det nye prosjektet - eit nasjonalt arbeid med å markedsføre stavkyrkjene i fylket og nabofylka.
Foto Sigrid Svartefoss

Artikkelen til Sogn avis på verdsveven.

- og dagens avis med skanna framside + side 10 & 11

onsdag 9. januar 2013

Amtstova på Leikanger - funn i veggen første dag

Naturlegvis var det spanande funn allereie første dag i rivinga av Amtstova på Leikanger - Skrivarstova på Nybø.
Eit særs viktig bygg i Amtsoga - Fylkeshistoria vert flytta nokre meter lenger ned i bakken grunna utviding av Fylkesveg 55.

Lenkje til Sogn avis sin artikkel på verdsveven - kortversjonen.

Amtmannen for Nordre Bergenhus Amt Johan Collett Falsen flytta frå Lærdal til Leikanger 1863,
og fylkesmannsgard i Sogn og Fjordane fylke frå 1919.
Nrk SFj Fylkesleksikon om Fylkesmannsgarden

Scanna utgåve av Sogn avis:

tirsdag 8. januar 2013

Lammetun kystfort - Spikertelt må fjernast

Heilårsturisme i konflikt med verneområde.
Fjaler kommune krev at 4 spikartelt vert fjerna sidan dei er oppsette innanfor Verneområdet Lammetun kystfort.

Lenkje til artikkel og video frå NrkSFj

Lenkje til artikkel i Firda 5.12.2012

Riksantikvaren opphevar freding av Bakke-Maristova

Riksantikvaren har oppheva fredinga av den truleg meir enn 300 år gamle Bakke-Maristova i Brattegjerdet på Lærdalsøyri.

Bakke-Maristova vart freda 1.februar 1923 - stova er definert til å vere innanfor buffersona til verneområdet på Lærdalsøyri.
Riksantikvaren har hatt ein fredningsgjennomgang av bygningar - ifølge tilstandsrapporten er minst 80% av tømmerkonstruksjonen sterkt angripen av husbukk.


Lenkja til artikkelen i Sogn avis

Lenkja til Kulturminnesøk om Bakke-Maristova

mandag 7. januar 2013

Undersøkte vikingtufter ved Smedalsosen - E16 Filefjell

Arkeologane gjorde ingen «skarpe» funn frå vikingtida, men arbeidet har gjeve ny kunnskap og stadfestar at Filefjell har vore ei viktig ferdselsåre mellom aust og vest i over tusen år. [02.01.2013]

I samband med bygginga av ny E16 over Filefjell har ei gruppe arkeologar frå Universitetsmuseet i Bergen i sommar gjort utgravingar ved Smedalsosen, om lag 900 meter over havet.

Pressemeldinga frå Statens Vegvesen finn du her!

-- lenkja til denne pressemeldinga frå juni 2012.

tirsdag 1. januar 2013

2013

 
Vi ynskjer alle eit godt nytt år!