onsdag 27. februar 2013

Årsmøte Indre Sogn på De Heibergske i morgon 19.00

Ei siste påminning om årsmøtet i lokallaget Indre Sogn i morgon kveld, torsdag 28.2:
De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum, kl 19.00

Vi ser fram til å bli med styreleiar i Sogn og Fjordane avdeling av Fortidsminneforeninga, Ove Losnegård, på ei lita reise mellom interessante kulturminne på kysten og i fjordane -

og vi gler oss til å få auka vår kulturelle kapital, gjennom kulturarbeidar Jens Brekke frå Vangsnes sitt bidrag på årsmøtet.

Etter kaffi og nybakt kringle, gyv me laus på årsmøtesakene, under leiing av styreleiar Lasse Sælthun.

At valnemnda er ferdig, med godtfolk på alle plassar, skulle vere ein ekstra god grunn til å kome og få med seg heile kvelden!

Alle er hjarteleg velkomne!

mandag 25. februar 2013

Fagerheimvillaen - ein ressurs for Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen

I Firda i dag er det ein artikkel om villaen etter Thora og Oddleif Fagerheim.
Dei gav eigedomen sin Dalsåsen på 1970-talet til Nordisk Råd med ynskje om at det skulle byggast ein nordisk folkehøgskule på eigedomen, men i staden kom Nordisk Kunstnarsenter, opna i 1998.


Rådgjevar Arlen Synnøve Bidne hjå Fylkeskonservatoren i Sogn og Fjordane seier i artikkelen at villaen er eit kulturminne av regional verdi og håpar at nødvendige tiltak kan prioriterast slik at villaen igjen vert ein ressurs for Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen.



Ordførar Arve Helle i Fjaler kommune,  seier seg derimot nøydd til å ta opp kampen mot Kulturdepartementet for at villaen vert riven.

Meir om Oddleif Fagerheim på Nrk Sogn og Fjordane sitt Fylkesleksikon
- og på same stad om Nordisk kunstnarsenter.
NKD si verdsvevside

- og her er ei scanna utgåve av artikkelen i Firda - den kan forstørrast - slik at den er meir leseleg - men no også i opprinneleg storleik!

fredag 15. februar 2013

Årsmøtetid i lokallaga og fylkesavdelinga

Vi kjem attende med dei fine programinnslaga som er i tillegg til vanlege årsmøtesaker!

Årsmøtet for Ytre Sogn og Sunnfjord lokallag måndag 25. februar, kl 19.00



 Åshild Kjelstad Seljesæter - leiar Ytre Sogn og Sunnfjord













Indre Sogn lokallag har årsmøte på De Heibergske samlinger samlinger 28. februar klokka 19.00


 Lasse Sælthun - leiar Indre Sogn lokallag













Fylkesavdelinga har årsmøte søndag 7. april i Vik i Sogn


 







Ove Losnegård - leiar fylkesavdelinga

tirsdag 5. februar 2013

Riksantikvaren held på vernet av talkummølla i Framfjorden















Artikkel i Sogn avis - bilete lånt frå Sogn og Fjordane fylkesarkiv.

Riksantikvaren held fast på den mellombelse fredinga av Talkmølla som kan få ei museal bevaring.

Mølleeigaren Norwegian Talc AS ønskjer å riva anlegget som produserte den første sekken med talkum i 1908. Drifta vart lagt ned i 2002, i april 2011 søkte eigaren om å få riva anlegget med mølle, kaianlegg, maskinverkstad, to kvilebrakker, vekt, smie, styrarbustad og restar etter taubana til Lee.
Norwegian Talc direktør Per-Gunnar Leversen sa til Riksantikvaren i fjor haust at han ikkje såg nokon fornuftig bruk av møllekomplekset og klaga på den mellombelse fredinga to dagar etter at Riksantikvaren for alvor kom på bana.

Formannskapet i Vik kommune sa ja til rivingsløyve i desember 2011, grunnlaget for vedtaket var utelukkande for å få overordna styresmakter på bana.
 

fredag 1. februar 2013

Prestegarden i Sogndal - avfredingsspørsmålet!







http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article7441005.ece

Artikkel frå Sogn avis - Sigrid Svartefoss 26.juni 2014.
Ingressen i Sogn avis si verdsvevside i dag:
BESTE LØYSINGA:  Det verste me kan gjera er å senda saka i fanget på Riksantikvaren, sa Nils P Støyva (Ap) t.v., her i drøftingar med frå venstre:Karen Marie Hjelmeseter, Anders Ryssdal og Jenny Følling.Foto: Sigrid Svartefoss

Vernar om prestegard

Fylkesutvalet ønskjer ikkje riving av det freda bygget - motsegn.
 
Fylkespolitikarane står samla på at kommunen må sikra dei antikvariske verdiane på eigedomen, jamfør fredingsvedtaket for Sogndal prestegard.