torsdag 17. oktober 2013

Gode råd om energieffektivisering



Korleis syte for å unngå bygningsfysiske skader eller dårleg inneklima?
Korleis best ta vare på verneverdiane til huset.

Sjekk Riksantikvaren sine gode råd om energieffektivisering.

mandag 14. oktober 2013

Dugnadskurset i Losjehuset på Lærdalsøyri.

Eit gratistilbod til medlemar om å lære restaurering av vindauge
eller 100 kroner for to dagar inkludert lønsj med kaffi for dei hine.
 Slikt fører også til rekruttering av nye medlemar.
 
Dugnadsdeltakarane vart ynskt hjarteleg velkomne.
Dugnadsfolket var frå fleire nabokommunar.
 
Kurset vart halde av Ove Losnegård,
snikkar, båtbyggar og leiar av Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane.
 
 
er det særs god og mykje informasjon og framgangsmåtar!
 
 
Det er lauselege planar med eit nytt tilsvarande kurs i januar for både nye og vi vidarekomne elevar.
 
I mellomtida planlegg vi å halde nokre dugnadskveldar/dagar på fleire vindauge og litt anna innvendig arbeid.

Det vart også drøfta innkjøp av meir utstyr til Sogn og Fjordane avd.
slik at medlemar i heile fylket kan låne eller leige ulikt utstyr.
 
Noko må også gjerast av handverkarar.   
2tal elektro innstallerte tildømes ny straum i
Losjehuset på fredag,
difor var det endeleg både lys og varme.
 
 
Varmepistol og skrape fjernar gamal måling, etter at kittlampa har varma kittet nok til at det og glasspikrane kan fjernast.
 
 
Enkelte av trepluggane som held vindauga saman fekk lette hamarslag for å kome innatt i ramma.
 
 
Linoljen vart varma opp av varmepistolen.
Karmane var tørre! 
 
 
Dei vindaugsglasa som ikkje var knuste, vart skrapa fri for gamal linoljekitt og vaska nøye!

 
God kvalitet på linoljekittet, i yoghurtboksen knust kritt som vart knadd inn i kittet om det trongst. 

 
Ei gamal pussemaskin, utan pussepapir, vibrerte vindaugsglasa på plass!

 
 Eit ferdigvibrert vindauge


Glasspikar
 

Glasspikaren vert broten av frå strengen
 

Kitting - nokre hadde lang erfaring og kontroll på å få det fint i hjørna også.

 
Dugnadsarbeid - mange hender på same vindauge

 
Arbeid i felleskap er også nyttig for deling av ny og gamal kunnskap,
og inne i kroken - det var like enkelt å pensle vindaugskarmane med kvistlakk på kne.


Det aller første ferdige vindauga vart ferdig før vi avslutta på laurdagen.

 
Undervisninga var både i felleskap og at dei enkelte elevane
prøvde dei ulike teknikkane på sine vindauge.

 
Arbeidet med meir å skaffe funksjonelle arbeidsbenkar er starta!


Allerførste økt på søndagen var ein kort vindaugshistorikk i frukostrommet på Sanden pensjonat.
 
Losjehus-restaureringa er støtta av Sparebankstiftelsen DNB Nor og Kulturminnefondet.
 Losjehuset er i Lærdal kommune si eiga, Sogn og Fjordane avd har ein avtale om bruk av Losjehuset med forutsetning om at det vert restaurert.
 
 

fredag 4. oktober 2013

Husk Dugnadskurset på Lærdalsøyri neste helg!

 
Når fekk du sist tilbod om å lære å restaurere vindauga dine?
Heilt gratis - eller 100 kroner for to dagar inkludert lønsj med kaffi?
 
I føremiddag vert den milde fønvinden
utnytta til å måle dei to nye panelborda på venstre side av døra.
 
Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avd. arrangerer dugnadskurs i Losjehuset på Lærdalsøyri.
Laurdag 12. oktober kl 10-16 og søndag 13.oktober kl 12-16
 
Bli med på praktisk opplæring i restaurering av gamle vindauge.
Målet for dugnadskurset er å få restaurert nokre av dei gamle vindauga som for tida er plata att etter tidlegare hærverk.
 
Losjehus-restaureringa er støtta av Sparebankstiftelsen DNB Nor og Kulturminnefondet.
 
Dugnadskurset er ved Ove Losnegård,
snikkar, båtbyggar og leiar av Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane.
 
Arrangementet er ope for alle ( max 12 personar)
Sidan det er eit dugnadskurs er det denne gongen gratis for medlemmer av Fortidsminneforeninga og kr 100 for andre ( gratis for alle under 18 år!)
Dette inkluderer kursing og lønsj med kaffi.
Det er mogeleg å teikne medlemsskap i Fortidsminneforeninga i løpet av kursdagane.

Påmelding via sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no eller på tlf 57678840