Informasjon og referat - møter og arrangement

Vi ber om at de huskar på bloggen med meldingar frå heile fylket!

Samarbeid med lokale handverkarar
om vern og vedlikehald av Gamle Lærdalsøyri

Kulturkontoret inviterte, saman med arbeidsgruppa for Gamle Lærdalsøyri, lokale handverkarar til møte torsdag 28. februar. Med fullsett kommunestyresal tillet vi oss å tolke at det er stor interesse for å få til eit samarbeid om restaurering og istandsetting av uthus, naust og butikklokale i bevaringsområdet. Målet er å få i gang kurs og seminar inneverande år. Godt samarbeid i Indre Sogn kan vera ein suksessfaktor. Både Aurland, Årdal og Luster har til dømes dei same utfordringane som Lærdal når det gjeld husbukk.
Kjell Andresen frå Riksantikvaren formidla erfaringane frå uthusprosjektet på Røros, der det til no er sett i stand 3-400 hus. Arbeidet som er gjort der kan vera ei rettesnor for den jobben som må gjerast i Lærdal, sa han. Eit forskingsprosjekt som tek mål av seg å få bukt med husbukken, bør også inn i prosjektet.
Stig Nordrumshaugen, restaureringsleiar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, formidla tankar om det å skaffa seg kunnskap før ein går i gang med arbeidet. Reparasjon av eldre hus kan bli omfattande og dyrt, men god kunnskap gjer også at ein ser kva materiale ein kan nytte opp att. I bygningsvernarbeidet bør ein bytte ut minst mogeleg. Både Stig Nordrumshaugen og bygningsfagleg i Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri, Jan Arve Lund, kan gje råd i slike saker.
Vi er godt nøgde med informasjonsmøtet, og optimistiske før det vidare arbeidet. Nærare sommaren vil vi invitere huseigarane til møte. Vi kjem tilbake med meir informasjon seinare.
Ine Nyseth
kulturvernkonsulent
Foto: Lærdal kommune
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar